Multitasking er ein myte
Av Liv, 10. trinn i Globalskolen 2019
I dei siste åra har tal frå undersøkingar i fleire land gjort det tydeleg at vi 
menneske ikkje kan løyse fleire oppgåver samtidig utan at kvaliteten på arbeidet 
lir. Uavhengig av alder og kjønn. Kvifor er det da på mange skolar framleis 
greitt å ha mobiltelefonen framme i undervisninga? Kva må til for at denne 
situasjonen forandrar seg?
Mobiltelefonen er ein del av kvardagen vår
«Vi lever i ei verd der mobiltelefonar har blitt nesten like vanlege som 
underbukser», seier professor Terje Rasmussen frå Institutt for media og 
kommunikasjon ved Universitet i Oslo til forskning.no. Det har blitt heilt 
naturleg at vi har mobiltelefonen like i nærleiken heile dagen – og natta med. 
Vi er blitt vande til å få opptil hundrevis av meldingar kvar dag, og det er 
berre god folkeskikk å reagere på dei aller fleste av desse meldingane. Nokon av 
oss får til og med separasjonsangst om vi gløymer telefonen heime. I følgje 
forskning.no kallast dette nomofobi, frå engelsk no mobile phone phobia.
Konfliktar kostar energi og nervar
Er det rart at vi nesten ikkje klarar å leggje bort mobiltelefonen i fleire 
minutt? Eller ein heil skoletime? Er nokon overraska over at skoleelevar blir 
sure og irriterte når læraren ber dei om å putte mobilen i sekken? Samtidig 
viser ein studie som universitetslektor Magnar Ødegård frå Universitetet i Oslo 
la fram i 2018, at 60 prosent av elevar blir forstyrra av uro i klasserommet. Og 
ulovleg kommunikasjon, speling, juks eller digital mobbing er ofte ei årsak til 
uro. Sjølvsagd blir lærarar også påverka av bråk. Og av og til kan det vere 
enklare å ignorere at nokon sit på mobilen og ikkje følgjer med i timen, enn å 
diskutera dette etter at han som kasta lua til kameraten i gjennom klasserommet 
har sett seg ned igjen, og dei to venninnene har slutta å prate om helga som 
var.
Vaksne som forbilde
Mange skolar har etter kvart forbode mobiltelefonar i undervisninga, skriv 
forskning.no, og på nokre skolar må elevar levere telefonen på eit «mobil-hotell» 
når dei kjem på morgonen. Fleire avisartiklar framhevar at elevar på slike 
skolar fort blir vande med mobil-pausen, og at dei fortel om positive effektar 
på læringa og det sosiale livet på skolen. Men kvifor skjer dette berre på nokre 
skolar? No er det på tide at alle skolar innfører reglar for mobilbruk i 
undervisninga. Og reglane må gjelde for alle. Det er ikkje berre elevar som 
brukar mobilen i timen. Mange lærarar tek fram mobilen når elevane skal jobbe 
sjølvstendig. Og i kvardagen elles er vaksne nesten like ofte på telefonen som 
tenåringar. Eit forbod mot mobiltelefonar i skolen kan derfor berre vere eit 
første skritt i kampen mot «alltid-på-mentaliteten». Vaksne må gå føre med gode 
eksempel. For heller ikkje dei kan gjere fleire ting samtidig med godt resultat.
Kjelder
forskning.no: 
https://forskning.no/kommunikasjon-sosiale-relasjoner-barn-og-ungdom/hvordan-pavirker-mobilen-samfunnet/1065376
Forfattar: Ingrid Spilde
Lasta ned: 10. november 2019
UiO, Institutt for spesialpedagogikk: 
https://www.uv.uio.no/isp/forskning/aktuelt/aktuelle-saker/2018/60--av-elevene-blir-forstyrret-av-uro-i-klasseromm.html 
Forfattarar: Marika Vartun og Aina Rødal
Lasta ned: 10. november 2019
Forskning.no: 
https://forskning.no/barn-og-ungdom-pedagogikk-teknologi/mobilforbud-i-skolen-hva-sier-forskningen/1231627 
Forfattar: Bård Amundsen
Lasta ned: 10. november 2019
Forskning.no:
https://forskning.no/internett-sosiale-relasjoner-mobiltelefon/derfor-blir-noen-avhengige-av-mobiltelefonen/327672
Forfattar: Ida Kvittingen
Lasta ned: 23. november 2019