Dette 
	eventyret er skrive ned av Asbjørnsen og Moe. Det kom ut i Norske 
	Folkeeventyr i 1841.
Det var ein gong ein konge. Han hadde ei dotter som var så vrien 
		og vrang i ord at ingen kunne målbinde henne. Derfor lovde han ut at den 
		som kunne gjere det, skulle få prinsessa og halve kongeriket attpå.
		
		Det var nok av dei som ville prøve seg, for det er ikkje kvar dag ein 
		kan få ei prinsesse og eit halvt kongerike i gåve. Grinda til 
		kongsgarden stod ikkje noka stund – dei kom i flokk og følgje frå aust 
		og vest, både ridande og gåande. Men det var ingen som kunne målbinde 
		prinsessa. 
		Til sist sa kongen ut at dei som prøvde seg men ikkje kunne, skulle 
		svimerkjast på begge øyrene med det store svijernet hans. For han ville 
		ikkje ha dette rennet i garden sin til inga nytte.
		Tre brør hadde fått vite om prinsessa. Sidan dei ikkje hadde det for 
		triveleg heime, ville dei ut og prøve lukka og sjå om dei kunne vinne 
		prinsessa og halve riket. Dei var vener og nokså vel forlikte, og derfor 
		gjekk dei i følgje alle tre.
		Då dei hadde kome eit stykke på veg, fann Oskeladden ein daud 
		skjorunge.
		«Eg fann, eg fann!» ropte han.
		«Kva fann du?» spurde brørne.
		«Eg fann ein daud skjorunge», svara han.
		«Fy, kast han! Kva skal du med den?» sa dei to, som alltid trudde at dei 
		var dei klokaste.
		«Å, eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel den», sa Oskeladden.
		Då dei hadde gått eit stykke til, fann Oskeladden ein gammalt 
		vidjeband, og det tok han opp.
		«Eg fann, eg fann!» ropte han.
		«Kva fann du no?» spurde brørne.
		«Eg fann eit vidjeband», svara han.
		«Pøh! Kva skal du med det? Kast det!» sa dei to.
		«Eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel den», sa Oskeladden.
		Då dei hadde gått litt til, fann han eit skålbrott, og det tok han 
		også opp.
		«Gutar, eg fann, eg fann!» sa han.
		«Kva fann du no?» spurde brørne.
		«Eit skålbrott», sa han.
		«Usj! Det var då også noko å dra på! Kast det!» sa dei.
		«Å, eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel det», svara Oskeladden.
		Då dei hadde komme litt lenger, fann han eit krokete bukkehorn, og 
		like etterpå fann han maken til det.
		«Eg fann, eg fann, gutar!» ropte han.
		«Kva fann du no då?» sa dei andre.
		«To bukkehorn», svare Oskeladden.
		«Usj! Kast dei! Kva gjer du med dei?» sa dei.
		«Nei, eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel dei», sa Oskeladden.
		Om litt fann han ein
				bleig.
		«Nei, gutar, eg fann, eg fann!» ropte han.
		«Det var då svare til finning på deg! Kva fann du no igjen?» sa dei to 
		eldste.
		«Eg fann ein bleig», svara han.
		«Å, kast han! Kva gjer du med den?» sa dei.
		«Eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg vel den», sa Oskeladden.
		Då dei gjekk over åkeren ved kongsgarden, der dei nyleg hadde breidd 
		gjødsel, bukka han seg og tok opp ein utgådd skosole.
		«Nei, nei, gutar, eg fann, eg fann!» sa han.
		«Berre du fann litt vett til du kjem fram!» sa dei to. «Kva var det no 
		du fann igjen, då?»
		«Ein utgått skosole», svara han.
		«Usj då! Det var noko å ta opp også! Kast han! Kva gjer du med han?» spurde brørne.«Å, eg har slikt å gjere, eg har slikt å bere. Så ber eg 
		vel den, om eg skal vinne prinsessa og halve riket», sa Oskeladden.
		«Du ser ut til det du!» sa dei to, og meinte det motsette.
		Så la dei inn til prinsessa. Først den eldste.
		«God dag», sa han.
		«God dag att», svara ho og vrei på seg.
		«Det er fælt varmt her», sa han.
		«Det er varmare i glohaugen», svara prinsessa. Der låg svijernet ferdig 
		og venta. Då han såg det, gjekk det i stå for han med éin gong, og så 
		var det ute med han.
		Det gjekk ikkje likare med den mellomste.
		«God dag», sa han.
		«God dag att», sa ho og vrikka på seg.
		«Det er fælt så varmt her», sa han.
		«Det er varmare i glohaugen», svara ho. Dermed så miste han også mål og 
		mæle, – og så var det fram med jernet att.
		Så kom Oskeladden.
		«God dag», sa han.
		«God dag att», svara ho og vrikka og vrei på seg.
		«Det var då godt og varmt her», sa Oskeladden.
		«Det er varmare i glohaugen», svara ho; ho blei ikkje blidare fordi den 
		tredje kom.
		«Det var råd å få steikt skjora mi her då?» spurde han.
		«Eg er redd ho sprekk», sa prinsessa.
		«Å, det har inga naud, eg slår omkring dette vidjebandet», svara guten.
		«Det er for romt», sa ho.
		«Eg driv i ein bleig», sa guten, og tok fram bleigen.
		«Feittet renn av ho», sa prinsessa.
		«Eg held under dette», svara guten, han viste fram skålbrottet.
		«Du er så krokete i ord, du», sa prinsessa.
		«Nei, eg er ikkje krokete, men dette er krokete», svara guten og tok opp 
		det eine bukkehornet.
		«Nei! no har eg aldri sett maken!» ropte prinsessa.
		«Her ser du maken», sa guten, og tok opp det andre.
		«Eg meiner du er utgådd for å målbinde meg, du?» sa ho.
		«Nei, eg er ikkje utgådd, men den her er utgådd», svara guten, og dro 
		fram skosolen.
		Så var prinsessa målbunden.
		«No er du mi», sa Oskeladden, og så fekk han prinsessa og halve 
		kongeriket attpå.
		