Verb bøygd i imperativ er ei oppfordring eller ein
ordre. Vi kan lage imperativ ved å sløyfe infinitivsendinga -a eller -e.
Nynorskordboka
kan vere til god hjelp når du skal lage imperativ.
Eksempel
-
Legg deg!
-
Kom inn!
-
Lag mat!
-
Hjelp meg!
-
Gå ut!
Verb på -a
Vi kan òg lage imperativ av
alle verb som endar på -a i preteritum og perfektum partisipp med -e eller -a
til slutt.
Tre alternativ:
-
Kaste ikkje søppel i naturen! / Ikkje kaste søppel i naturen!
-
Kasta ikkje søppel i naturen! / Ikkje kasta søppel i naturen!
-
Kast ikkje
søppel i naturen! / Ikkje kast søppel i naturen!
Når stammen endar på mm
Når stammen av verbet endar på mm, sløyfer vi den siste m-en i
imperativ.
Eksempel:
Når stammen endar på -j
Når stammen av verb av typen kasta/kaste ender på -j, skal j-en vere med i
imperativ òg.
Eksempel:
Ved verb som endar på -e i preteritum, fell j-en
bort i imperativ.
Eksempel:
-
Heng lua di på knaggen, gut!
-
Fortel helst sanninga, jente!
-
Krev å få vere med på joggeturen!
Utan subjekt
I ei imperativsetning manglar ofte subjektet.
Infinitiv og imperativ
Infinitiv: |
å danse/dansa |
å liggje/liggja |
å gå |
å komme/komma |
Imperativ: |
Dans! |
Ligg! |
Gå! |
Kom! |